|
►Nyhende
►Eldre
nyhende
►Fin
aargang
►Fjelltopper
►Gamlevegen
►Hella
►Kvalheim
Grendalag
►Kvalheim
Skule og UK
►Kvalheim
Songlag
►Kvalheim
Byggefelt
►Mehuken
vindpark
►Mehuken
i bilder
►Om
Kvalheim
►Panoramabilder
►Skjema
/ info
►Storbåtjølet
|
 |
|
Informasjon Og Nyhende Frå
Kvalheim |
|
|
01.02.10
} Ei helg med variert vinter vêr
.....
|

Fresing av vegen opp til radaren |

Kvalheimsfjellet søndag |
Natt til laurdag lava det ned med meir
snø, oppå den gamle som faktisk er frå 2009. Den gamle snøen var nå begynt å
bli litt grå og skitten så det var kan hende på tide med litt ny? Vi har
faktisk hatt samanhengande snø på bakken heilt sia veka før Jul i fjor, det
må vere mange mange år tilbake at snøen har fått lege så lenge i ro her ute
ved kysten.
Tidleg laurdags kvelden fekk vi faktisk overraskande besøk av nokre kraftige
tordenbyger, før det så løyste med vind og snøfokk. Brøytemannskapet hadde
ei stund full hyre med å holde vegen mellom Kvalheim og Raudeberg open, men
heldigvis løya vinden ut på kvelden.
Søndagen åpnenbarte seg med slikt vær som vi drøymer om at det skal bli kvar
påske, sol og flotte skiforhold på Kvalheimsfjellet.
Med slike snømengder og stabilt vintervêr som vi har hatt denne vinteren, så
spørs det om vi skulle ha vurdert å satse på eit lite skitrekk, i staden for
ballbinge?
"Kvalheimsfjellet skisenter", det kling bra og ein alpinbakke i slike
omgivelser må no vere like spektakulært som den oppe i Tromsø skulle man
tru. Ei Lysløype mellom vindmøllene skulle heller ikkje by på noko problem,
strøm skulle det vel vere nok av i det området. Men så var det
spørsmålet, vil det bli slik vinter neste år eller året etterpå? Det er det
ingen som veit.
Nei, trur faktisk eg føretrekke å baske meg innover Myrstadalen mot Heida
uten å få hjelp av ei einaste trakkemaskin. Med urørt snø, blått hav og
kvite toppar rund er dette ein naturopplevelse som ikkje skisentera kan
konkurrere med. No skal det vere sakt at det heller ikkje er å forakte om
ein eller fleire hadde gått der før meg å laga løype...
R Myre






Tilbake til kvalheimnytt |
|
 |
|
TAKKER FOR TIPS |
  
|
|
|
ü Været på Kvalheim
ü Spesialvarsel
Stad
ü Radar over nedbør
ü Kvalheim Kraft
ü Sjå på skipstrafikken
ü Fylg
med Hurtigruta
ü Telefonkatalogen
|
Har du tips,
mail, send sms,
eller kontakt
meg på
annen måte
om arangemang, nyhende osv.
mvh
Ragnar Myre
www.vivest.no
rmyre@vivest.no
tlf: 91 86 89 54
|
|