KONTAKT        GJESTEBOK      LINKER      VÅGSØ
 INNHOLD                                                                                           

►Kvalheim Nytt
Fin Årgang
 

     Innformasjon Og Nyhende Frå Kvalheim                  
Skileik på "Kråknesmarka"
 

 

 Dette bildet er frå marka til "Kråkenesfolket" (Anders P. Kvalheim si mark) på slutten av 1960 talet. Her var det stor aktivitet frå morgon til kveld så snart det vart eit snølag det gjekk ann å gå ski på. Denne marka var heilt ideell for skiaktivitetar som hopp, slalåm og utfor. Det var sikkert ikkje få treski som har blitt brotne på skihoppa der, ikkje minst på det store hoppet i "ladebakken". Vi baska oss ofte opp til toppen av marka med stearinsmurte bakglatte treski og sette utfor ei løype som gjekk ned dei brattaste partia ofte mellom eldhuset og utedoen, der vi måtte passe på å huke oss ned når vi passerte tørkesnora. Hang det klær til tørk vart det bare ei ekstra utfordring, var vi heldige enda vi opp ved hovudvegen i ein flott u sving.
I dag ligg marka der med eit fint snø lag utan eit einaste skispor, så tidene har forandra seg.
Lada vi ser i bakgrunnen på bildet er "Elvalada" (Didrik Kvalheim si lade, no Egil Kvalheim)

Bildeeigar: Mary Buvik


Akterover..........
                                       
          

















































 



 

 

webmaster     
        Ragnar Myre            
       Telef. 91 86 89 54          
    Mail :
rmyre@vivest.no