|
Eit flott bilde av
skuleungane på Kvalheim. Bilde er tatt "inn under garden" på den tida det
var omgangsskule i bygda og årstalet var truleg 1910. Det var ein bra flokk
med elevar som vi ser og alle er like alvorlege.
Skulehuset på Kvalheim var ferdig og tatt i bruk i 1911, så dette var siste
året med omgangsskule.
Det var Severin Ramnefjell som var lærar på Kvalheim frå 1902 til 1920.
Bildeeigar: Peder Kvalheim |