KONTAKT        GJESTEBOK      LINKER      VÅGSØY 
      INNHOLD                                                                                           

 Nyhende   
 Forlittsida
 
Fin årgang

 ►Fjelltopper
 Gamlevegen
 Hella
 

 
Kvalheim Grendalag

 Kvalheim Songlag
 
Om Kvalheim
 Panoramabilder  
 
Skjema / info 
 Storbåtjølet
 
             

         Innformasjon Og Nyhende Frå Kvalheim
 
                 

22.05.11   Ver med å gå opp ny sti

I forbindelse med åpen dag i vindmølleparken vart det lagt ut ein ny trimpost. Denne er plassert i ved enden av vegen i den nye parken ved mølle 2.1 (T Mehuken II) Det vart også sett opp stikker for å prøve å kage ein ny sti frå varden på Mehuken (T Mehuken I) og ned til mølle 2.6. (sjå bilda over). Når denne stien blir laga blir det lett å gå ein rundtur i heile parken.

19.05.11   Smil midler til Laksenotnaustet


Kvalheim Grendalag har etter søknad fått tildelt 40.000kr i smil midlar. Dette er pengar som skal gå til restaurering av laksenotnaustet i Jølet. SMIL står for Spesielle miljøtiltak i jordbruket og omfattar tilskott til miljøinnsats ut over vanlig jordbruksdrift. Ein treng heller ikkje drive jordbruk for å søke om desse midlane. Når det gjeld bygningar som har kulturell verneverdi slik som Laksenotnaustet, er noko av kriteria for å få midlane "at man skal ta vare på så mykje som mulig av kulturminnets heilhet, eigenart og opphavlige element og bruke helst stedegne materialar"

16.05.11   Stilfull åpning av ballbingen



 
Laurdag 14. mai var det mykje som skjedde på Kvalheim. Etter åpen dag i vindmølleparken var det klart for offisiell opning av ballbingen. Det var leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets John Georg Rutledal som sto for snorklippinga og han var og dommar i fotballkampen mellom sponsorane, der Kvalheim Kraft stilte med eit sterkt team og ungane i bygda.
Etter kampen smakte det godt med grillmat og spesiallaga ballbingkake.

 

15.05.11    Flott dag med åpen vindmøllepark



 
Arangørene av åpen dag på Mehuken Vindmøllepark laurdag 14. mai fekk full klaff med veiret. Med ein lett bris og solgløtt kosa folk seg blant anna med nystekte sveler på rastebenker framfor servicebygget. Filmvisning, tippekonkurranse og quiz' der premien var tur opp i mølletoppen var noko av det som var på programmet og stor var gleda og spenningen for dei 2 som fekk denne muligheita. Elles kunne dei som hadde lyst sjå inni 2 av møllene og for dei som ville trimme litt etter god mat var det bare å rusle rundt i parken i godvereret.

13.05.11     Ein epoke er over



 
Basarane til Kvalheim Skule og Ungdomskorps der Malla med trekkeapperatet har vert ein slager, ser no ut til å gå over i historia. Lite aktivitet har ført til at korpset intill vidare blir lagt under Kvalheim Grendalag. Søndag 8. mai vart basaren flytta utandørs i det flotte vår veret og som vanleg var det mange åregevinster og gode kaker. Replikkane hang laust og fleire fekk "skjennepreiker" frå Malla med beskjed om å fylgje med på årane.
Etter basaren var det årsmøte og endå meir kaker.

13.05.11     Hjertestarter i bygda 


Grendalaget har gått til innkjøp av ein hjertestarter. Planen er at den skal plasserast i grendahuset, men først må det forandrast litt på låsesystemet i utgangsdøra der. Meininga er at alle skal få ein enkel tilgang til starteren uansett tid på døgnet.
Hjertestarteren skal vere veldig enkel i bruk og ei stemme fortel heile tida kva som skal gjerast. Det vil likevel bli halde eit kurs i å bruke den.
Inntil vidare er hjertestarteren plassert hos Oddgeir Sande i koven, om nokon skulle få bruk for den.
 

12.05.11 Klart for åpningsfest i ballbingen 



 
Laurdag 14. mai er det klart for stor åpningsfest i ballbingen på Kvalheim. Terrenget rundt ballbingen er planert og forma fint til og det er blitt laga ein oppstillingsplass for biler. Då er det bare å håpe på at Veirgudane viser seg frå si rette side denne vårdagen.

11.05.11  Nye møbler i grendahuset


Foto: Karoline K. Myre
Grendalaget har gått til innkjøp av nye møbler i småsalen i grendahuset. Dei gamle møblane er no bytta ut med stilreine bord og sofagrupper.  
 

10.04.11  Våren er endelig her


Kusymre i sjøbakkane
 
Snøklokker og krokus

Vakker bukett krokus
 
Jenter på rulleskøyter

03.04.11  UKM 2011 på Nordfjordeid

 
Denne helga har det vert Fylkesmønstring for UKM på Nordfjordeid. 350 ungdommar frå heile fylket fordelt på 4 konsertar i Operahuset og med full dekning av NRK Sogn og Fjordane. Juryen kan ikkje ha ein lett oppgåve å plukke ut 5 bidrag som skal gå vidare til landsfinalen i Trondheim. Frå Kvalheim deltok Kristoffer Fonn Kvalheim og Karoline Kvalheim Myre. Kristoffer spelte og song i gruppa Morgonoth mens Karoline var med på 2 innslag, eit åleine der ho song The Show og eit i lag med PANGjentene.
Sjå deltakarane frå Vågsøy i nett tv her

Bilder kan du sjå her

27.03.11  Forlenging av vassledning


 
Arbeidet med forlenginga av vassleidning til dei ytterste husa på Kvalheim har no starta.
Det er to linjer som nå blir lagt ned. Den øverste linja må få vatn frå ein pumpestasjon på grunn av høgdeforskjeller. Pumpestasjonen som skal plasserast i orådet kjem i frå Øvre Oksholen pumpestasjon og får namnet Ytre Kvalheim vannpumpestasjon. Dette arbeidet som no blir gjennomført har eit budsjett på 1 million kroner. 

08.03.11  Vind og nedbør så det holder

8 mars 2011 vil gå inn i historia som ein særs vindfull og våt dag. Med vindstyrke opp i orkan nesten heile dagen har vi blitt skikkeleg
ruska i. Det ser ut som vi er inne i ein stim med kraftige lavtrykk for tida, her gjekk vi å håpa på vår, og så fekk vi haust i staden.

 

01.03.11  Landingsplassen Hella på NRK Sogn og Fjordane





 

 
Bjarne Eldevik har fått med seg Peder Kvalheim og laga ei reportasje for NRK Sogn og Fjordane si nettutgave om landingsplassen Hella på Kvalheim les meir her....

23.02.11  Halvtam rev rusler rundt på Kvalheim



årstider,dyr,fotografier,hunder,pattedyr


 

Fleire personar har i det siste observert ein rev som luskar rundt husa på Kvalheim, både på dagtid og om kveldane. Det verkar som om reven ikkje er særlig redd av seg og grunnen til det kan vel vere fleire. Det kan vere han finn seg mat i området og har valt å bli her på grunn av det eller det som verre er, at den kan ha skabb. Rever med skabb søker ofte mot bebyggelse for der kan det vere lettare å finne mat. Sjølv møtte eg på reven ein kveld eg gjekk tur med hunden. Reven kom då "gjøyande" mot oss. Hunden vart sjølvsagt i hundrede og eg hadde mi fulle hyre med å holde den igjen, men reven bare luska roleg ut av vegen og når eg kom lenger fram kom han opp bak meg og forsette å gjø mens han labba utover vegen. Hadde sjølvsagt ikkje fotoapparat med, men det var vel litt for mørkt til å få brukbart bilde. Bilda over er ikkje av reven som er sett på Kvalheim.

29.01.11  To fra Kvalheim videre frå UKM i Vågsøy



PANGjentene


Morgonoth
Laurdag vart ungdommens kulturmønstring arrangert i Samfunnshallen. Dette er eit arangemang for barn og unge i aldersgruppa 10-20 år. Her kan man delta med nesten det man vil, men det meste som blir vist fram er kunst arbeid og song og musikk innslag.
UKM er ikkje ein konkurranse, likevel er det oppnemnd ein jury som skal plukke ut nokre innslag som skal gå vidare til fylkesmønstringa. For å komme vidare frå fylkesmønstringa til landsmønstringa er kravet at man må vere fylt 13 år.
Karoline Kvalheim Myre gjekk vidare med 2 innslag til fylkesfinalen som skal vere på Nordfjordeid i april. Saman med Thea Teige og Julia Bugjerde som PANGjentene og melodien PANG og åleine med melodien The Show. Kristoffer Fonn Kvalheim gjekk vidare med gruppa Morgonoth som i tilegg  består av Glenn Mark Kvernevik og Johan Eriksen, dei framførte Symphony of destruction. 

 

NESTE SIDE
 




 


                               

 
































          

 



Webb
Ragnar Myre
www.vivest.no
ragnar@vivest.no
Tlf   : 91 86 89 54

 

webmaster     
        Ragnar Myre            
       Telef. 91 86 89 54          
    Mail :
rmyre@vivest.no