Innformasjon Og Nyhende Frå Kvalheim
|
|
|
30.12.10
Juletrefesten |

|

|

|

|
|
Som seg hør og bør var det også i år
juletrefest. Litt skuffande frammøte, men dei som hadde tatt vegen til
grendahuset denne kalde ettermiddagen fekk ei koseleg stund. PaulSindrez
underheldt med julesongar, Line Dalelv las jule eventyr, Karoline K Myre
song julesongar. Det var også lotteri, besøk av nissen, gang rundt juletreet
og sjølvsagt ei lang god matøkt.
|
|
19.12.10
Sindre Kvalheim årets Gründer i Sogn og fjordane |
 |
Sindre Kvalheim fekk tildelt gründerprisen
for 2010, prisen som er på 30.000 kr mottok han under
fylkestinget tysdag 14. desember.
Sindre Kvalheim starta i 2007 it bedrifta LokalHost, som er ein
totalleverandør av IT - med særleg fokus på datalagring.
Sindre har bevist at det går ann å busette seg og starte med nye ting i små
utkants kommunar.
Forutan å vere ein kløppar på IT er Sindre også ein dyktig musikar.
Link til lydfil av takketale
Kilde:
nrk.no |
|
29.11.10
Kjekkt med skøyteis |
 |
 |
|
Til tross for kalde -8 grader hadde nokre leita fram
skøytene og lagt søndagsturen til ongelsvatnet der isen var over 20 cm
tjukk. Dei fleste var godt innpakka, så om balansen svikta etter eit
feilskjer var det heldigvis mykje tjukke kler som dempa kontakt med hard
kald is. Å kunne gå på skøyter på vatna rundt Kvalheim i november er ikkje
noko som skjer kvart år, så året 2010 er nok spesielt på fleire måtar.
|
|
28.10.10
Åpning med fanfare og ballongslepp |

|

|
|
|

|

|
Det vart ein våt og kald oppleving for
dei Ca 80-90 personane som var møtt opp for å vere med på opninga av
vindparken Mehuken 2. Det var fylkesordførar Nils R. Sandal som klipte
snora til 8 balonngar som markerte at no var Mehuken 2 offisielt opna.
Fanfaren var det ei gruppe frå Torskangerpoll Musikklag som ordna, og
tilslutt vart det tog med Torskangerpoll Musikklag i spissen tilbake til
bussar og personbilar.
Etterpå var det godt og kunne komme inn i Kvalheim Grendahus og nyte varm
rømegraut, spekemat, kaffi og kake. Der var det også taler og gratulasjonar.
|
 |
 |
|
24.10.10
2. premie til Kvalheim Grendalag |
 |
 |
Under heim i haust arangemanget på
Raudeberg fekk Kvalheim Grendalag 2. premie på 25000 kroner. Det var under
utdeling av premier for konkurransen "Kulturløft for bygdene i Nord-Vågsøy
at kvalheimarane nesten gjekk til topps, kunn slått av Refvik Bygdeutvikling
som
fekk 35000 kr. Det var Adolf Refvik som hadde sponsa premiane som til saman
var på 100.000 kroner fordelt på 1. -5. premier. Det hadde kome inn 9 bidrag
til konkurransen og juryen som har bestått av ein person frå kvar av bygdene
i Nord-Vågsøy hadde prioritert å premiere arbeid og tilrettelegging for barn
og unge.
På bilda over ser vi Sonja Svartstad og Bente Myhre mota premien til
Kvalheim Grendalag av prisutdeler Linda Refvik som er datter til Adolf
Refvik som vi ser i bildet til høgre. |
|
26.09.10
Køyrer rundt med privatbiler i vindmølleparken |
 |
 |
|
I det flotte haustveret var det stor
utfart og trangt om plassen ved avkjørselen til Mehuken vindmøllepark. Masse
folk gjekk rundt på vegane i parken, nokre på søndagsutflukt og andre i
hastig trimøkt. Det som ikkje var like bra, var at eindel tok med seg bilen
rundt i parken og. Det er ikkje så kjekt for dei som går tur i området når
det er nesten like stor trafikk på grusvegane som på hovudvegen, men det er
vel ikkje lenge før bommen kjem opp. |
|
15.09.10 Hjortejakta
er i full gang |
 |
 |
Vi har no passert 10. september og alle
på Kvalheim veit kva det inneber, etter 8-9 månaders ventetid er det endeleg
hjortejakt att. På fjellet kryr det av jegerar som saumfare kvar ein
gøymeplass som hjorten har prøvt å lure seg unna i. Ja han veit det nok også
hjorten, at no er det søren meg ikkje trykt å beite på grønt gras etter at
det er blitt lyst. Derfor gøymer han seg så godt han kan, men hjelper det?
På bilda over er Mats, Gunnar, Vegard og Jan Erik klar til innsats, mens eit
eksemplar av hjortestammen nok ikkje er heilt komfortabel med situasjonen.
|
|
05.09.10
Flott haustvêr
og stor utfart på Kvalheimsfjellet |
 |
 |
|
Fyrste helga i september blei det
skikkeleg sommarvêr, og mange nytta sjansen til å få seg ein fin fjelltur.
Dette var også "Kom deg ut dagen" i regi av Den Norske Turistforening, og
Barnas Turlag/Ytre Nordfjord Turlag arrangerte tur til Nobba. Utifrå
parkerte bilar var det stor oppslutning om den turen. Det var også bra
belegg på parkeringa ved vindmøllene, så mange nytta finvêret til også å få
ta eit blikk på dei nye møllene. |
 |
 |
|
29.08.10
Synfaring på nye vindmøller |
 |
 |
|
Søndag 29 august var det endeleg tid for
grunneigarane å få ei synfaring i den nye vindmølleparken på Mehuken 2. Det
var Ragnar Hagen som viste rundt og fortalte om prosjektet. Parken bar ikkje
preg av å vere eit annlegsområdet lenger, slik at vi no fekk sjå kor fint
vegane i området låg i terrenget. Hagen fortalte at det har vert strenge
reglar for annlegstrafikken i området og det difor er blitt lite skader på
naturen, bortsett frå det som er nødvendig for å bygge ein vindmøllepark.
Grunneigarane fekk seg og ein liten kaffitår i det nye service bygget.
|
 |
 |
|
23.08.10
Ballbingen er på plass |
 |
 |
|
Laurdag 21.august vart den nye ballbingen
sett opp. Med hjelp frå ein montør jobba ein dugnadsgjeng med å sette i hop
elementa og å legge kunstgraset. Så når dette skrives er nok det full
aktivitet med ballspel i den nye samlingsplassen på Kvalheim. |
|
22.08.10
Folk strøymde til Kvalheim |
 |
 |
|
Veirgudane viste seg ikkje ifrå si beste
side, men likevel strøymde folk til Kvalheim på denne søndagen i august.
Bygdefolket hadde nemleg invitert til aktivitetsdag, eit arangemang som
liknar litt på "åpen gård". Her var det utstilling av traktorar i alle
årsklasser, riding, gjeterhundoppvisning, div aktivitetar og forskjellige
dyr å sjå og ta på, det meste samle rundt Kvalheim Grendahus. Og om
regnbygene jaga folk i hus av og til, var det god mat og drikke å få inne.
Dette var ein flott måte å profilere bygda på og forhåpentleg kan dette bli
eit årleg arangemang. |
 |
 |
|
19.08.10
Klar for Aktivitetsdag på Kvalheim |
 |
 |
Komiteen som har jobba med det nye
arangemanget "Aktivitetsdag på Kvalheim" er no klar til å vise fram både
traktorar og dyr. Det blir forskjellige aktivitetar for store og små og mat
skal det heller ikkje mangle for dei som tek turen til Kvalheim denne
søndagen.
Komiteen er Bente Myhre, Solveig Røsok Kvalheim, Sonja Svarstad,
Oddgeir Sande, Mary Buvik, Frode Kvalheim og Jan Henrik Myre. |
|
15.08.10
Arbeidet med ballbingen går fort |

|

|
|
Onsdag 11. august vart sålen til den nye
ballbingen i Hauane på Kvalheim støypt og dugnadsinnsatsen var det ikkje
noko å sei på ut frå bilda over. Laurdag 21. august er det planlagt
montering av sjølve bingen. |
|
01.08.10
Grunnarbeidet på ballbingen |

|

|
|
Grunnarbeidet på ballbingen på Kvalheim
er no så godt som ferdig og det gjenstår bare litt finpussing. Etter at
ballbingen ikkje kom i posisjon ved årets tildelingar av tippemidlar,
bestemte styret i Grendalaget seg for at dei likevel skulle sette prosjektet
i gang. Grendalaget forskoterer då ballbingen slik at den kan stå ferdig i
år. Dei reknar med at søknaden om tilskot kjem i posisjon eit av dei fyrste
åra slik at dei då får desse utlegga tilbake betalt.
|
|
02.07.10
Slik ser dei nye møllene ut |

|

|
|
Allereie etter ei lita veke har
montørgjengen på Mehuken fått opp 1. mølla og er i gang med den 2. så dette
ser ut til å gå etter skjemaet. Dei nye møllene er grå på farge og glir
betre inn i terrenget enn dei gamle møllene som er kvite. Dei er og plassert
lavare i terrenget og verkar på den måten ikkje høgre sjølv om tårnhøgda er
14 meter i forskjell. Det er tydeleg å sjå at det har skjedd ei utvikling
frå år 2000 når det gjeld forma på vengane og tårnet verkar og meir
grasiøst, det er dessutan heis i dei nye møllene. |
|
02.07.10
Svær mobilkran til montering av vindmøller |

|

|
Det er bra størrelse på mobilkranen som
blir brukt til å sette opp vindmøllene på Mehuken.
På bilde over til venstre ser vi ei av dei gamle møllene i forgrunnen.
|
|
30.06.10
Det blei litt for trangt |

|

|
Det blei litt for trangt for den siste
bilen i dagens kolonne med mølledeler.
På det smale gardstunet på Kvalheim var bilen godt opp i vegskråninga og
høvla av nokre meter med jord rett etter å ha passert våningshuset. Akkurat
på denne plassen vart vegen utvida med nokre fattige centimeter i forkant av
transporten og man kan no undrast kvifor dei ikkje lagde det litt breiare
når dei fyrst var i gang. Seinare på dag for Viking redningsteneste med ein
av spesialtransportbilane, om det var den som var ut for vegen veit vi
ikkje, men det kan vel godt tenkast. |
|
28.06.10
Gjekk fint gjennom smalt gardstun |

|

|
|
Det var ingen problemer då den fyrste
kortesja med biler lasta med deler til vindmøllene passerte Kvalheim i 11
tida måndag. Det var knytta ein del spenning til eit gardstun i bygda der
vegen er ekstra smal, men alt gjekk knirkefritt. Pressa var møtt fram for å
forevige transporten og foruten spesialbilene var det ei lang rekke med
privatbiler i etterkant.
|

|

|
|
30.06.10
Fiskelykke |

|

|
Fiskelykke hadde dei 2 fra Nøtterøy vi
trefte på i Jølet. På moloen der vi fastbuande stort sett bare slit slukar
og sveivar inn tareblad, har dei funne sinn "yndlingsfiskeplass".
Her
sveivar dei inn lyr, sei ,makrell osv, og jammen hadde dei og fått ein
sjøøret. Dei fortel at dei brukar å vere her stort sett ein gong i året
og at dei då alltid får fisk. Dei er blitt så fornøgde med å fiske frå
moloen i Jølet at dei nødig fortel andre om plassen.
"Obs kva gjore eg no, la eg dette ut på nettet?" |
|
26.06.10
}
Nordfjordtalent 2010 |

Spente deltakarar samla på sena |

Vinnaren Vidar Seljen Melby (nr 2 frå venstre) |
Kvalheim var godt representert under
konkurransen Nordfjordtalent som vart arangert under Måløydagane. Av 15
påmelde innslag frå heile Nordfjord var 2 ifrå Kvalheim.
Kristoffer Kvalheim (gitar) hadde meldt seg på med ein Jimi Hendrix låt og
Karoline Kvalheim Myre sang The Show som er laga av artisten Lenka.
Nivået var høgt under årets konkurranse så juryen som besto av Cristine
Gaustad, Kyrre Stegane og Laila Beathe Førde hadde nok ingen lett oppgåve å
ta ut dei som skulle gå til finalen. Dessverre sto ikkje namna til dei 2 frå
Kvalheim på lista til Juryen då dei kunngjorde finalistane, men uansett
utfall, er det tøft av dei ungdomane som stiller opp i ein slik konkurranse
og det er nok ei nyttig erfaring å ta med seg vidare.
Finalen blei vunne av Vidar Seljen Melby(16).
|
|
25.06.10
}
Gode badeforhold men kvar blir varmen av? |
 |
 |
Kvalheimsanden ligg innbydande og klar
til bruk, men hittil har temperaturen holt bygdefolket vekke. Vi har no
passert midtsommar og det hadde vel gjort seg med nokre dagar med badeveir,
men med ein temperatur som så vidt bikkar 10 talet er det ikkje serleg
freistande for dei fleste. Med dei temperaturane vi har hatt til no i år
skal det vel litt til for at vi skal få nokon rekord på desse kantar av
landet, det må no i tilfelle vere "kaldast" på eit vist antall år.
|
|
24.06.10
}
Rocka jonsokfeiring i jølet |
 |
 |
Det var fint veir og god stemning i jølet
jonsokafta då gruppa Marvinasjon dro i gang nokre skikkelege rocke
clasikkere på slutten av den fine kvelden. Folk koste seg i sommarvarmen som
så plutseleg og temmeleg lageleg hadde eit hastig besøk innom. Rømegrauten
som vart seld var som vanleg god og saman med anna grillmat som vart
tilbreda på grillane vart dei frammøtte mette og fornøygde såg det ut til.
|
|
22.06.10
}
Fyrste mølla ankommet |
 |
 |
Dei ruva godt på terminalen i Måløy, der
dei ligg dei einskilte delane til nokre av møllene som skal settast opp på
Mehuken 2. Møllene som kjem med båt frå Tyskland til Måløy skal
transporterast vidare til Mehuken med spesialbiler. Det blir då ein konvoi
med bilar som startar ca. kl 10 frå Måløy og turen ut til Mehuken vil dei
bruke omlag 2 timar på. Vidare er det er planen å sette opp ei mølle i veka,
noko som sjølvsagt er avhengig av lite vind. Med tanke på at vi for nokre
dagar sida hadde vind opp i full storm, får vi håpe for møllemontørane at
det no har roa seg litt.
|
|
11.06.10
}
Betong på vegane |
 |
 |
|
Støyping av fundamenta til møllene på
Mehuken har no pågått ei stund og 5-6 av totalt 8 fundament er no klare. Det
er ei storstøyping når forskalinga til eit fundament blir fylt med betong og
fleire betong bilar er i sving frå tidleg morgon til seine kveld. Det er ein
heftig tungtransport på vegane på Vågsøy desse dagane. Går alt etter planen
skal montering av sjølve møllene starte i månadsskifte juni -juli, det
skal bli spennande å sjå dei lange vogntoga som då skal ta seg fram frå
Måløy til Mehuken på Kvalheimsfjellet. |
|
09.06.10
}
Rensking av rasfarlig fjell |
 |
 |
|
Fortida på
går det rensking av eit rasutsatt område i fjellet ovanfor vegen som går
mellom Raudeberg og Kvalheim. Mens dette arbeidet blir utført er vegen
stengd i kortare periodar. Det er flott at dette arbeidet blir gjort slik at
steinen kjem ned i kontrollerte former, for vi kan vel sei at det ikkje har
vert heilt trykt å køyre denne strekninga der det kunn for kort tid sida låg
store steinar og sperra vegbana. |
|
01.06.10
}
Hoggorm på vindmøllanlegget |
 |
 |
|
Har fått
oversent eit bilde av ein velvaksen hoggorm som blei fotografert på
vindmøllanlegget på Mehuken. No når det endeleg har blitt litt varme er det
rette tida for å treffe på slike krypdyr ute i naturen. Dei kan vere godt
kamuflerte og ikkje gode å få auge på slik som den eg har fotografert på
bilde til høgre. |
|
30.05.10
}
Snart nytt kjøkken i grendahuset |
 |
 |
Med det samme
17.mai feiringa var over starta ein dugnadsgjeng med å fjerne den gamle
kjøkkeninredninga i grendahuset og med å rive ned ein vegg. Ny innredning
var bestilt og i dei kommande vekene blir kjøkkenet totalt renovert. I
tillegg til oppussing blir kjøkkenet også utvida litt, slik at det blir
beire plass for dei som skal jobbe der. På bilda over ser vi dugnadsgjengen
som liker å rive ned ting, og når det er dugnad stiller alltid damene opp
med noko godt.
Foto: Solveig R. Kvalheim |
|
17.05.10
}
Tradisjonell 17.mai feiring i fint vår veir |
 |
 |
For siste gong vart kvalheimarane vekte
med salutt som vart sprengt med dynamitt på 17. mai, for etter som røynde
folk seier har ikkje katten, men EU sett ned foten for slik markering. No i
år hadde vi fått tilbake skytebasen vår i frå Eid, og alt såg ut til å gå
tilbake til normale tilstander, og så nix mer salutt? Ja Ja vi finn vel på
eit kvart.
Dagen vart overraskande fin den etter som 16 mai var litt av ein regn dag. I
år som i fjor vart folke toget administrert av skarptrommer og det funka bra
det, folk gjekk til krampen tok dei. Leiker på plassen for store og små er
alltid med og stadig like populært. Eit stappfullt grendahus fekk og med seg
diverse song, danse og musikkinnslag. Tale for dagen var det Emil Rosing som
sto for, han kjem ifrå Grønland og har kjøpt seg hus på Kvalheim og vil om
kort tid flytte hit. Og i år som alltid vart det ete pølser, brus, is, kaffi
, kaker og masse snop og så vart det og seld speketalerken.
|
 |
 |
|
12.05.10
}
Strenge restriksjoner for ferdsel i annlegsområdet |
|
Frå no og framover til dei nye
vindmøllene er ferdig monterte, vil det vere adgang forbudt i annlegsområdet
på Mehuken. Det blir mange store køyretøy, anleggsmaskiner og mobil kraner i
dette området framover og for å hindre ulykker er dette eit nødvendig tiltak
sier rådg. Ing. Ragnar Hagen. Mehuken er eit populært turområde og på toppen
ved varden er det plassert ut ei trimbok i regi av Kvalheim Grendalag. Denne
boka blir tatt bort så lenge det er restriksjonar på ferdsel i området.
No er det like før dei startar opp støyping av mølle fundamenta. Dette er
store gravitasjonsfundament med ein diameter på 16 meter og det går med ca.
300m3 betong til kvart fundament. Med 8 møller blir det ca. 2400m3 betong
som skal fraktast ut til Mehuken, så det blir ein del betong bilar på vegen
dei dagane det er støyping.
Dette kan det vere lurt å ha i tankane når man er ute å ferdast på vegane i
området her ei tid framover for her kjem det til å bli mykje trafikk. |
|
07.05.10
}
Kvalheim Kraft delte ut unike teskjorter |
 |
På informasjonsmøtet som Kvalheim Kraft
hadde onsdag 5. mai i Kvalheim Grendahus fekk dei frammøtte kvar si
teskjorte med Mehuken II emblem på. Det var på eit tidlegare info møte at
det nærmast som spøk vart sakt at Kvalheim Kraft skulle hatt nokre teskjorte
med logo på. Det vart og sakt litt meir i den samanhengen som grunnlag for
ynskje om ei slik teskjorte, men det let eg vere å skrive om her.
Kvalheim Kraft var ikkje verre på det enn at dei tok forslagsstifteren på
ordet, og som vi ser på den lokale modellen på bilde over er det ei flott
teskjorte med lokale detaljer i emblemet. |
|
26.04.10
}
Arbeidet med fundamenter til møllene er i gang |
 |
 |
|
Arbeidet med vindmøllefundamentene er no
i gang etter at den verste snøvinteren i "mans minne" no ser ut til å gå mot
slutten. På 2 av møllene er kransen som skal holde fast sjølve vindmølla til
fundamentet på plass og det neste som då skal skje er vel armering og
forskaling av fundamentet som har ein diameter på 16 meter. Service bygget
har og tatt form og glir godt inn i terrenget, bygget nærmar seg no
ferdigstilling utvendig. Elles ber fjellet preg av at det er eit stort
annlegsområdet og det skal bli spennande å sjå korleis det blir sjåandes ut
når det blir ferdig. |
 |
 |
|
|
15.04.10
}
Opprop frå bygdene i Nord Vågsøy |
Kvalheim Grendalag, Refvik
Bygdeutvikling, Vedvik Grendalag og Halsør Grendalag har kome med eit felles
opprop der dei påpeikar konsekvensane som kan oppstå ved nedlegging av
lokalsykehuset på Nordfjordeid. Dokumentet som er stila til Helse Førde v/
Clara Øberg og Jorunn Ringstad og Helse og Omsorgsdepartementet v/Helse- og
omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Det vart og lagt fram for
kommunestyret i Vågsøy.
Les oppropet her..... |
|
05.04.10
}
Suksess for påsketreff |
Påsketreffet som vart arrangert i
Kvalheim Grendahus langfredag vart ein suksess. Over 50 personar møtte opp
denne kvelden til ein heilt uformelle samankomst, der prat og hygge over ein
enkel matbit og god drikke var det som gjaldt. Påsketreffet blir arangert
for at sambygdingar og utflytta bygdefolk, som gjerne er på påskeferie kan
møtast heilt uformelt. Personar som du ikkje har snakka med eller sett på
mange år er det ekstra hyggeleg å treffe. Ein slik kveld fører ofte til at
det blir mykje mimring og gamle historier dukkar opp att, historier som
nesten har gått i gløymeboka og latteren set sjølvsagt laust når dei blir
tatt fram att.
|
|
23.03.10
}
Plutselig vart det vår |
Nesten over natta kom våren og håper
inderleg dette ikkje bare er eit tilfeldig streif. Morgon med fuglesong og
store flokkar med synkronisert stare som samlar seg for matjakt på den nett
nyleg bare livlause marka. Temperatur godt på plussida og smeltande snø
haugar der små snøklokker sprett fram som troll frå eske under snørestane,
vakkert. I år er det iallfall kontrast mellom vinter og vår etter 3 månader
med samanhengande kvitt dekke. Kjenner at vinteren var hard når man er ute på
vegen med bil, blir nesten sjøsjuk av å køyre over alle telehiva. Plukker
fram sykkelen som har stått gøymd inn i den mørkaste kråa i garasjen, hu hei
ut på tørr asfalt. Joggeskoa fram frå skapet, jau dei held nok ein sesong
til i stiane til kvalheims flotte fjell.
vår, vær velkommen

|
|
22.03.10
}
Årsmøte i Kvalheim Grendalag |
Søndag 21. mars vart det halde
årsmøte i Kvalheim Grendalag og Tilsynsnemnda for Kvalheim Landingsplass.
Det var bra frammøte på dette årsmøtet og forskjellige saker vart
diskuterte.
Ei sak som har blitt tatt opp på dei fleste årsmøta dei siste åra er om
grendalaget forsatt skal vere med på Måløydagane. På grunn av tidspunktet
for dette arangemanget (feriavvikling) er det problem med å få nok folk til
å stå på stand og til alt arbeidet som skal gjerast i forkant og etterkant
desse 3 dagane.
Alternativt er eit forslag om å arrangere ein aktivitetsdag i staden for å
marknadsføre bygda. Kva denne dagen skal gå ut på er uvist enno, men
forskjellige aktivitetar som fiskekonkuranse, sykkelløp, guida fjelltur,
dyra på bondegarden, grilling osv. kan vere aktuelle innslag på ein slik
dag.
Elles er saka om overtaking av laksenotnaustet no nesten i boks, her har
Frode Kvalheim gjort ein flott jobb. Planen med huset er i fyrste omgang å
redde naustet frå å dette ned.
Det er og planlagt og utvide kjøkkenet i grendahuset.
Les årsmeldinga her...
|
|
15.03.10
}
Er det snøfillene som holder folk heime? |
Kvalheim Songlag arrangerte syng med oss
i Kvalheim Grendahus på ein vinterleg søndagsettermiddag. Flott song fikk vi
høyre, åresal med fine gevinstar og masse med gode kaker i omløp. Så langt
heilt fint, men det som var skuffande var at det var mange ledige plasser
rundt borda, her var det plass til mange fleire.
Snøen lava riktig nok ned, men når folk frå andre bygder tar turen opp til
Kvalheim på eit slikt arrangemang burde ikkje snøfillene skremme
bygdefolket.
På tilsvarande tilstellingar som koret har arrangert i Vedvik og på
Raudeberg har det omtrent vert fult rundt borda.
Det same ser vi på den såkalte ribbefesten som er blitt forsøkt arangert her
i bygda, med litt over 20 påmelde personar i år seier det seg sjølv at den
måtte avlysast.
Blir dette tendensen framover er det ein fare for at det snart kan bli slutt
på mange av felles arrangemanga i Grendahuset. Håper at det ikkje er slik vi
vil ha det.

|
|
14.03.10
}
Kvalheimsanden no "heilårs sand" |
Kvalheim sanden som har det med å komme
og forsvinne alt etter som veret er, har denne vinteren lege fin som om det
skulle ha vert sommar. Dette har med det stabilt rolege veret som vi har
hatt med vindar frå nord og aust og lite storm frå sydvest.
Får vi i tillegg ein god gammaldags vår med masse nordavind, kan det fort
bli flotte badeforhold på Kvalheim sanden, om temperaturen skulle tilseie
det.
Akkurat no kan eg ikkje sei at eit bad der nede fristar så mykje med snø
heilt i flodmålet.

|
|
|
09.03.10
}
No er vegen åpen att |

|

|
Litt over kl 12 tysdag vart endeleg vegen
til Kvalheim opna for trafikk etter å ha vert stengt sida laurdag. Etter
nokre mislykte forsøk med å spyle ned skavlen med ei tobbe under eit
helikopteret, noko som sa seg sjølv ville bli vanskeleg i dag då det hadde
frose på att med natta, fann dei ut at no ville dei prøve med rein dynamitt.
Etter at salva var avfyrt var dei vist fornøgde med resultatet og opna så
vegen for trafikk.
|
|
08.03.10
}
Enda ein dag med stengt veg |

|

|
Denne måndagen vart ein ekstra fridag
både for skuleungane og dei som skulle ha vert på arbeid denne dagen. Fleire
av bygdefolket hadde difor denne ettermiddag samla seg eit godt stykke oppe
i "nyeveien" for å sjå om det vart noko "nedspyling" av snøskavlen som har
ført til at vegen til Kvalheim har vert stengd sida laurdag. Vegvesenet
ville i dette tilfellet prøve på noko nytt med å bruke helikopter og ei
tobbe fylt med vatn. Men ventinga vart forgjeves, det kom ikkje noko
helikopter, så bygdefolket måtte returnere til Kvalheim til nok eit døgn i
isolasjon.
Aldri før i nyare tid har vegen mellom Kvalheim og Raudeberg vert stengd på
denne måten. Ras har det gått år om anna i snøvintrar, men vegen har alltid
blitt opna att med ein gong. Har sjølv hamna i utkanten av eit snøras på
slutten av 70 talet i same området som det er fare for ras i dag. Vegen vart
då sperra bak meg og det var ikkje noko kjekk oppleving sjølv om vi i den
tida (ungdomstida) følte oss "udødelege". Det er flott at sikkerheta blir
tatt på alvor, men ting kunne vel ha blitt ordna opp litt kjappare og ikkje
bare vente på at naturen skal ordne opp sjølv, det kan ta si tid. Dreg dette
ut kan det vel hende at vi snart må få innflydd nye forsyningar med
helikopter. Vis ikkje må vi vel i Kråkeneset å låne med dei, for der ute har
dei tross alt mykje meir erfaring med slik isolasjon enn vi Kvalheimarar, og
dei har nok sikkert gardert seg for slike hendingar med eit stort
vinterlager. |
|
07.03.10
}
Bygdene Kråkenes og Kvalheim isolerte |

|
 |
Med fare for at det skal gå fleire ras på
vegen mellom Kvalheim og Raudeberg har denne rasutsatte vegstrekninga på
fylkesveg 600 vert stengd store deler av helga. Dette har ført til at
Bygdene Kvalheim og Kråkenes har vert isolerte. For å komme seg inn og ut av
området har nokre tatt beina fatt og gått gamlevegen, sjølv om det ikkje er
heilt trykt der heller. Dagleg reiser det skuleungar frå 1. klasse til og
med vidaregåande skule på denne rasutsatte strekninga, så det er på tide at
eit eller anna blir gjort for å trygge sikkerheita deira og alle andre som
ferdast her.
Les også NRK Sogn og Fjordane |
|
02.03.10
}
Flott slutt på vinterferien... |

|

|
|
Enda ei av desse flotte vinterhelgane som
nesten har stått i kø dette Herrens år 2010 er tilbakelagt. Sola er no
så pass høgt på himmelen at ho varmar godt i kjakane, slik at det går fint
ann å nyte medbrakt mat godt nedsunken i ei snøfonn. Og bålgrilla pølser med
varm kakao til er då ikkje å forakte.
|
|
07.02.10
}
Høge brøytekantar på Kvalheimsfjellet... |

|

|
På vegen mellom Kvalheim og Kråkenes er
det nå opp mot 2,5 meter høge brøytekantar. Fjellet rundt er snaublese for
snø og mykje av den snøen har hamna i vegbana ser det ut til. Det var
torsdagskveld og natt til fredag at det bles opp med vind opp mot
storm styrke, så det var nok eit bra snøfok på fjellet den natta.
Brøytemanskapet har nok heilt sikkert hatt ein bra jobb med å opne vegen
att. Lyset var og vekke heile kvelden og kom ikkje tilbake før nærmare
klokka 23, men det hadde ikkje noko med uveret å gjere.
Sjå og brøytekant på Kvalheimsfjellet, NRK Sogn og Fjordane
|
|
01.02.10
} Ei helg med variert vinter vêr
.....
|

Fresing av vegen opp til radaren |

Kvalheimsfjellet søndag |
Natt til laurdag lava det ned med meir
snø, oppå den gamle som faktisk er frå 2009. Den gamle snøen var nå begynt å
bli litt grå og skitten så det var kan hende på tide med litt ny ubrukt kvit
snø? Vi har
faktisk hatt samanhengande snø på bakken heilt sia veka før Jul i fjor, det
må vere mange mange år tilbake at snøen har fått lege så lenge i ro her ute
ved kysten.
Les meir......
|
|
26.01.10
} Nesten som å gå på isbre.....
|
 |
 |
|
Tar man ein fjelltur til Nobba i desse
dagar får du nesten følelse av at du delvis går på ein "isbre". Det er
knallhare fonner og skavlar som gjer det litt spesielt å gå på fjellet for
tida. Enkelte plasser har det og vert bevegelse i skavlane og då har det
oppstått sprekker som kan minne litt om små bresprekker. Heilt ufarleg er
det nok ikkje alle plasser, for skavlane kan rase ut, så det er nok sikrast
å bruke tau og eventuelt ein lokal "breførar". |
|
20.01.10
} Kvalheim Kraft med nye
nettsider.....
|

|
No kan du fylgje med i utviklinga på
Mehuken 2 på nettet, Kvalheim Kraft har nemmeleg fått nye nettsider
der bilder og info blir lagt ut etterkvart som prosjektet tar form. Nettsida
har mange bilder og ikkje minst god teknisk informasjon om både Mehuken 1 og
2. Det blir også laga ein film om utbygginga av Mehuken 2.
www.kvalheimkraft.no |
|
10.01.10
} Stor utfart på Kvalheimsfjellet.....
|

|

|
Denne helga har det vert folksamt i
skispora på Kvalheimsfjellet, her har store og små kunna nyte flotte
skiturar i nærmiljøet. Mens dei slit med snømangel i skiannlegga lenger inne
i fjorden, er det meir enn nok snø til å boltre seg i ute ved kysten. Kaldt
har det vert spesielt på laurdag mens søndagen vart litt mildare, og det var
på denne dagen det var størst utfart og dei finaste forholda.
Vi har no hatt 3 veker med samanhengande snø så langt, slik at denne
vinteren tegner seg bra for dei som liker å gå på ski eller drive med andre
vinteraktiviteter. Dessuten seier gamle værteikn at slik været er 13. dag
jul slik blir det i 13 veker framover, det ser då ut til at vi skal få ein
lang og kald vinter. |
|
10.01.10
} Sola "trilla" i havet.....
|

|

|
|
For dei som bur midt i Kvalheimsbygda er
10.januar ein liten "merkedag", for då "triller" sola ned neset yst på
Bremangerlandet og går i havet, og i år fikk vi endeleg sjå det. Sjølv om
det meste av Kvalheimsbygda har mulighet for å sjå sola heile året er det no
og framover eit par månader vi kan ha dei flottaste solnedgangane i bygda.
No på denne tid har sola også komt tilbake i byggefeltet i Hauane etter at
det har vert solmørke der ca. ein månads tid, og allereie no har dagen
nesten blitt ein time lenger. |
|
08.01.10
} No er det uvanleg kaldt.....
|

|

|
Brrrrrr... no er det skikkeleg kaldt.
Dette er ikkje vanleg vintervêr for oss når kvikksølvet i gradestokken kryp
ned mot - 10°C i fleire dagar. Det bit godt i
kjakane utandørs når temperaturen blir så lav, men snøkona frå 2009 ser ut
til å trivast godt i kulden og gler seg tilsynelatande over å få eit "langt liv".
|
|
05.01.10
} Snøstorm og svinkalt.....
|

|

|

Kvalheimarane vakna i dag opp til eit "inferno i kvitt",
med vind opp i storm styrke i kasta og gradestokken langt under 0 var det
lite hyggeleg å bevege seg utandørs dei fyrste timane av dagen.
Vegen til Kråkenes var i ein periode stengd på grunn av snø og vind, men
vart opna ut på dagen. Ragnar Hagen som er prosjektleiar for Mehuken 2 kunne
og opplyse om at arbeidarane som jobbar med vindmølleparken også måtte melde
pass i snøstormen, og ta fri. Traktoren som Vågsøy kommune brukar til å
brøyte dei mindre vegane med fekk reve av ei dør på førarhuset i vindkasta.
Vi må nok ein del år tilbake for å minnas ein vinter med så mykje snø og og
så langvarig kuldeperiode, men verre snøstorm enn den som herja i dag skal
vi ikkje så langt tilbake i tid for å finne.
|
|
01.01.10
} Nyttårs feiring i måneskinn og
vindstille.....
|
 |
 |

Det vart ei flott Nyttårsfeiring på Kvalheim med
ein fullmåne på himmelen (sikkert nokre her nede og) temperatur like under 0°
og omtrent heilt vindstille. Med eit snølag på nesten 60cm på flat mark vart
det meste farga kvitt og det var nesten lyst som om dagen. Like etter
middnatt kom det i tillegg eit lett snødryss som skjulte alle spor.
Godt Nyttår !
|
|
29.12.09
} Fint skiføre på Kvalheimsfjellet
| |

Vinterpynta furu i Myrstadalen
|
 |
 |
|
No i jula har vi fått ein god del med snø og forholda på
Kvalheimsfjellet er blitt fine for dei som likar å gå på framoverski. Det
kan vere strevsamt for dei som må lage nye spor i laussnøen, men for dei
heldige som kjem etterpå er det ein nytelse. Så det er på tide å finne fram
ski og staver, men hugs å fjerne klisteret frå i fjord, om du ikkje har
smørefrie då.
|
|
15.11.09
} Stor aktivitet på fjellet
| |

På toppen av pukk og grushauger
|

Frå arbeidet på Mehuken |

Her blir det ny veg |

Stolper til ny kraftlinje ved Kvalheimsbygda
|

Ved gamlevegen blir det lagt jordkabel
|
|
12.11.09
} Nærmiljøanlegg
| |

Ballbinge ved Holvik skule |

Frå møtet i Grendahuset |
Onsdag 11 oktober hadde styret i
Grendalaget kalla inn til infomøte om ballbinge på Kvalheim. Etter som at
prosessen med planane og finansieringa var kome så langt, vart dette bare
eit info møte sjølv om nokre av dei frammøtte hadde innvendingar til
anlegget og då særleg til plasseringa. 2 personar har sia april jobba med å
få på plass planer og finansiering til nærmiljøanlegget slik at alt skal
vere klart på papiret til søknadsfristen 15. november i år. Ballbingen skal
etter planen plasserast ved sida av fotballbana i Hauane, og ein av grunnane
til det var at styret i Grendalaget ikkje ville at bingen skulle oppta areal
ved Grendahuset. Arealet i Hauane får disponerast kostnadsfritt. Ballbingen
på 13 x 21 m har ei kostnadsramme på 560.000 kr. Finansieringa er førebels
skissert med 200.000 kr. i spelemiddlar og 147.000 kr. i sponsormiddlar,
resten er dugnadsinnsats. Det blei opplyst om at det ennå kan kome til
fleire på sponsorsida.

Ballbingen skal plasserast i området
som vist på bildet
|
|
03.11.09
} Fult hus på Haustbasar
| |

|

|
|
Haustbasar i regi av styret i Grendalaget
er blitt ein tradisjon, og i år var det bort i mot ein fullsett gymsal som
støtta laget økonomisk. Åresalg og masse gode kaker var nokre av
ingrediensane denne søndags ettermiddagen. Styret hadde dessutan laga eit
info/velkommen til Kvalheim hefte, som vart delt ut til dei som var
nyinnflytta til bygda, noko som faktisk var 5-6 familiar. På bilde over til
høgre er det Odd Helge og Elin som motar blomster og hefte for
tilbakeflytting til Kvalheim.
|
|
16.10.09
} Testtransport til Mehuken
| |

|

|
Den 29. September ble det
gjennomført en prøvetransport fra Måløy havn og ut til Mehuken for å
undersøke hvilke tiltak som vil være nødvendig langs transportruta før
turbinene kommer neste sommer. For transporten ble det bygget en
treramme/modell av generatoren som er den bredeste lasten som skal
transporteres. Størst spenning var det knyttet til transporten langs fjellet
ved Refvikvatnet, hvor transporten passerte med tilfredsstillende margin.
Transport av vingene er også utfordrende, og flere steder er det nødvendig å
utvide vegen i yttersving for at denne lasten skal passere.
Tekst: Kristin Ankile Foto Johnny Hansen
|

|

|
|
14.10.09
} Kråkenes uten fasttelefon
| |

|

|
Tysdag 13.10 var det lite summetone på
fasttelefonane i Kråkenes etter at telefon kabelen vart kappa av ei
gravemaskin under arbeid på Mehuken II. Jonny Hansen i Kvalheim Kraft kan
opplyse at normal prosedyre mht gravemelding var utført, men ifylgje
entreprenør stemte ikkje "kart og terreng" heilt. Hansen syns at det er
svært uheldig at slikt skjer då det er dårleg mobildekning i Kråkenes.
Telenor skulle prioritere å utbetre kabelbruddet i løpet av dagen i dag og
når dette er på nett gløder nok atter telefonane i nabobygda.
|
|
25.09.09
} Grendalaget får overta
laksenotnaustet i Jølet
| |

|
|
Det ser ut som det er blitt einighet i
spørsmålet om kva som skal bli skjebnen til laksenotnaustet i Jølet. Naustet
har stått ubrukt i mange år og treng no sårt litt vøling om det skal stå i
mot vinterstormane. Det har ei tid blitt jobba med å få til ei avtale med
eigarane slik at Grendalaget eventuelt kunne få ta over naustet. Dette ser
det no ut til at partane er blitt einige om og då er forhåpentlegvis naustet
redda for ettertida.
Kva naustet skal brukast til er vel ikkje avklart enno, så det kan vel bli
eit interessant emne å diskutere på årsmøtet.
R. Myre
|
|
06.09.09
} Ørn i høgspentlina
| |

Foto: Odd Gunnar Myhre |

Foto: Odd Gunnar Myhre |
Ei ørn hadde måtta bøte med livet etter
at den hadde kome bort i høgspentlina i Fagredalen (22kv linja mot
Kvalheimsheida).
SFE registrerte eit linjebrudd kl 07.30 søndag morgen og var ute med 2 mann
seinare på dag for å ta ned ørna. Med eit vingespenn på ca 1,8 meter er
faren stor for at ørna skal berøre 2 av strengane og få strøm i seg om den
kjem for nær høgspentlina, og utfallet i dette tilfelle vart nok det aller
verste for fuglen. I 2003 vart det og funne ei ørn under ei høgspentline på
Stalbrekka, som nok hadde lidd samme skjebnen som den i Fagredalen.
|

Olav Hagen og Odd Gunnar Myhre med kongeørna
Foto: Arvid Verpeide |
|
17.08.09
} Vegen til Jølet stengt
| |

|
|
Deler av vegbana på vegen som går ned i
Jølet er blitt skada av det kraftige regnet som var på Søndag. Vatnet har
greve seg under oljegrusen og vaska bort underlaget slik at vegen
ikkje er kjørbar.
All nedbøren som kom på årets våtaste dag? førte til at det fleire plassar
på Kvalheim ei stund såg ut som rismarkene i China.
R. Myre
|
|
10.08.09
} Anleggstart på Mehuken II
| |

Her skal det bli veg |
Masseuttaket |
Mandag 10. august var det anleggstart på
vindmølleparken Mehuken II. Dette vart markert med eit arrangement på
fjellet der Fornyingsminister Heidi Grande Røys og Ordførar i Vågsøy Roger
Silden tok eit felles spadetak. Etter på var det lunsj på Kvalheim Grendahus
i regi av Kvalheim Kraft AS. Det er firmaet Skanska som har fått anbodet på
veg og grunnarbeidet.
R. Myre
|
|
29.07.09
} Fyrlykt fjerna
| |
 |
|
Fyrlykta som har stått på neset mellom
Einevardsdalen og Tjuvardalen også kalla Nord Vågsøy fyrlampe er i sommar
blitt fjerna. Ikkje det at eg som landkrabbe har hatt så mykje nytte av den,
men den har liksom brent seg fast på netthinna i utsikta ifrå Nobba.
I den tid lampa i lykta var avhengig av gass for å lyse, var det Nils
Kvalheim som hadde oppsynet med fyrlykta. Det vart då brukt ein
løypestreng/vaier som gjekk frå Kvalheimshornet som ligg 400 m over havet
for å få dei fulle gassflaskene på plass, og dei tomme derifrå. Det vart nok
mange turar ned og opp den bratte fjellsida.
I seinare tid har det blitt nytta båt når vedlikehald og tilsyn med fyrlykta
skulle utførast. Skjeret som vi ser på bildet blir kalla Solskjeret.
R. Myre
|
|
29.07.09
} På Norges tak
| |

Karoline på toppen av Galdhøpiggen
|
I tau over breen med Galdhøpiggen i
bakgrunnen |
I sommar var 10 år gamle Karoline
Kvalheim Myre på høgste fjelltoppen i Norge. Etter å ha gått på snø og stein
i 3-4 timar kunne den spreke Kvalheimaren til slutt sjå utover Jotunheimens
fantastiske fjellrike i frå Galdhøpiggen 2469 movh. Der kjøpte ho seg ei
varm pølse på Norges høgastliggande kiosk og sikkert Norges dyraste (det var
litt tvil i om det var Norges beste). Det mest spennande med turen var å gå
over breen i tau syntes Karoline.
|
|
08.06.09
} Grendahuset ferdigmalt
| |
 |
|
Med hjelp frå arbeidsvillige ungdommar
frå Kvalheim og nokre vaksne vart Grendahuset ferdig malt på laurdag 7.
juni. Heile veggen mot vest vart malt pluss at verandaen fekk strøk nr 2.
Sjølv om nordavinden gnall rundt hjørna så malinga bles av kostane og hamna
på sidemannen, vart dette gløymt då det vart servert pizza, pølser og kake i
pausen.
Vell blåst bygdefolk, sjå no kor fint grendahus vi har!
R. Myre
|
|
07.06.09
} Mehuken II
| |
 |
|
Daglig leder Olav Rometveit
og prosjektkoordinator Kristin Ankile i Zephyr gler seg over at det snart
blir fleire møller på Mehuken.
På eit informasjonsmøte med grunneigarane kunne dei 2 fortelje om framdrifta
på Mehuken II prosjektet. Dei var no i gang med å sjå på annbudspapira til
dei som hadde rekna på vei/oppstillingsplassar og grunnarbeidet til møllene
og servicebygget.
Det skal byggast ca. 2 km med ny veg, 8 kranoppstillingsplassar, kvar på ca
1500m2 i tillegg til sjølve møllefundamenta. Dessutan skal det byggast eit
servicebygg på 95m2. som inneheld traforom, teknisk rom og pauserom med
toalett og dusj.
Planen er oppstart med grunnarbeidet august 2009.
Vidare framdrift er forskaling, armering og støyping av møllefundamenta
vinter/vår 2010 og montering av turbinane 2. halvdel av 2010.
Anlegget skal vere i full produksjon januar 2011 og Mehuken I og II vil då
kunne forsyne alle privathusa i heile Vågsøy kommune med strøm.
R. Myre
|
|
04.06.09
} Det blir fortsatt luftspenn gjennom
Kvalheimbygda
| |

Gunnar Vassbotten og Asgeir Aase |
Asgeir Aase, Gunnar Vassbotten, Olav Rometveit og Eirik Slotterøy |
Bygdefolket på Kvalheim var møtt fram i
grendahuset for å høyre utfallet av at 11 grunneigara hadde anka på at ei ny
og større høgspentline skal byggast gjennom bygda. Grunneigarane ville ha
kabel i jorda i staden for luftspenn. Nettdir. Asgeir Aase og seksjonssjef
Gunnar Vassbotten i SFE forklarte at ein kabel gjennom bygda ville fordyre
prosjektet med 3 mil kr og at dei ut frå prinsipp om lik behandling ikkje
kunne gå med på dette. Dei hadde og med seg adv. Erik Slotterøy som kunne
opplyse at klaga frå grunneigarane neppe ville få medhold.
Nokre av dei frammøtte meinte at eit luftspenn var veldig skjemmande og var
lite glade for at løpet allereie var gått. Styret i Kvalheim Grendalag v/
leiar Ørjan Kvalheim orienterte om at dei hadde tatt kontakt med Kvalheim
Kraft om muligheitene av ein kompensasjon, om det ikkje vart kabel. Adm. dir
i Kvalheim Kraft AS Olav Rometveit sa i sitt innlegg at dei var villige til
å gi eit årleg tilskott/leige på 50.000 til grendahuset på Kvalheim, om dei
11 grunneigarane trekte anka. Alle berørte grunneigara på Kvalheim måtte då
også skrive under på avtala med SFE.
No gjenstår det å sjå om alle set sin signatur på avtala som SFE sender ut
med det fyrste, blir det gjort har Grendalaget sikra seg eit årleg tilskot
på over kr 100.000 til Grendahuset (dei motar allereie over kr 50.000 som er
framforhandla av grunneigarlaga tidlegare) Dette betyr at Kvalheim Grendalag
kan bli i ei særstilling økonomisk sett i desse tide då man kan sjå langt
etter tilskot til slike bygg andre plasser i frå.
R. Myre |

Ørjan Kvalheim |
Tross alt, ei humørfylt forsamling |
|
29.05.09
} Grensegang
| |
 |
 |
Fredag 29.05 var det grensegang der dei
nye møllene skal komme på Mehuken. Det største problemet var og finne merka
som danna grensa mellom Myre og Kråkenes. Etter grundig lesing av
utskiftingsboka frå 1880 og leiting i terrenget vart dei fleste merka funne
slik at dei kunne merkast med gps og plasserast på kartet. Med på
grensegangen var Arne Ivar Teige frå oppsittarane i Kråkenes, Odd Helge
Kvalheim frå Ytre Kvalheim grunneigarlag, Ragnar Myre frå Myre
grunneigarlag. Rune Vederhus frå Ingeniørfirma Per Mulvik AS i Volda og
Kjetil Tennebø frå Rådg. Ing. Ragnar Hagen i Måløy var med som faglege
ansvarlege.
R. Myre |
 |
|
|
25.05.09 } Kvalheim
Songlag på songarstemne til Balestrand | |
|
|
Laurdag 23. mai drog Kvalheim Songlag
grytidlig om morgonen til Balestrand for å delta på songarstemne. Heile
stemne vart halde på ærverdige Kvikne Hotell der også dei fleste songarane,
340 i talet fordelt på 12 kor budde. Under sakral konserten på laurdag fekk
mange av kormedlemmane i Kvalheim Songlag 25 års medalje, Klaus Iversen fekk
40 års medalje, mens Gunnar Myhre vart dekorert med den gjævaste medaljen
som er 50 år i songkor.
På bilda over ser vi songartoget marsjere inn til Balestrand sentrum, mens
Kvalheim Songlag med faneberar Jon Nesheim i spissen, får bølgen av sine
suportere.
Under ser vi den kjempe flotte trebygningen til Kvikne Hotel og Kvalheim
Songlag suporterne "dagen der på"
R. Myre |

|
|
|
25.05.09 } Dugnad
med støyping av plate i Jølet | |

|
|
Fredag 22. mai var ein dugnadsgjeng i
gong med å støype betong plate i Jølet. På ein del av den nye plata skal det
monterast eit overbygg der ein kan stå og sløye og vaske fisk. Samtidig blei
det montert fendra der man heiser inn og ut båtane.
R. Myre |
|
18.05.09 } 17
mai tog, uten hornmusikk |
|
For fyrste gong så langt tilbake som man
kan "hugse" var det i år tog på Kvalheim utan hornmusikk på 17. mai.
Kvalheim Skule og Ungdomskorps var så få musikkanter at dei måtte sei ifrå
seg denne spelinga. I staden var det trommer som sytte for taktfaste rytmar
bygda til ende i det flotte veret. Korpset spelte likevel i eit fullsett
grendahus under folkefesten der det og var variert underholdning med blant
anna song, dans og musikk. Tale for dagen var det Christian Eilertsen i
Frelsesarmeen som besørga.
R. Myre |
|


|
|
|