|
Før vegen kom til Kvalheim

Garden Kvalheim er fyrste gong nemnd i Bjørgvins Kalfskinn rundt
1300. Det var vanskeleg å komme til og frå bygda ,særleg i dårleg vær.
Når større ting skulle
fraktast måtte det skje sjøvegen og den var ubrukeleg i vind over bris, og bårer høgre
enn ein halv meter p.g.a. den vanskelege landingsplassen. Til lands
brukte dei stien gjennom Reinurda, langs Refvikvatnet inn til Hagen og
vidare til Raudeberg. Verst var det i gravferder då rodde dei Kvalheimsvika,
rundt Hesten
, inn Vågsfjorden og vidare nord Ulvesundet til kyrkja på Røysa.

Hella den gamle landingsplassen på Kvalheim
Planlegging av vegen
Då Selje
kommune , som Kvalheim då haure til
i 1870 løyvde 352 spesidalar til veg for Kvalheim, vart
gleda stor hos bygdefolket. Kaptein Gregersen stakk ut vegen og kostnadsrekna den til 1408
spesidalar, av den summen måtte Kvalheimarane ta på seg 423 spesidalar.
Vegarbeidet tar til
Frå Hagen til
bøgarden på indre Kvalheim vart vegen ferdig i 1880 og kosta 7874,51 kr. Av dette
betalte Selje kommune kr.1813,- og fylket kr. 1575.-Neste svingen «indre
Kvalheimssvingen
« vart bygd av gardbrukarane på indre Kvalheim m/Mikal Fritun som bas, midtre
svingen
«Myresvingen» vart bygd av dei på Myre m/Annanias Myre som bas ,»Refviksvingen « vart
bygd av gardbrukarane på Ytre Kvalheim m/Per Kvalheim som bas. Kvalheimarane var
ikkje berre med og bygde gamlevegen , dei hadde også plikt på seg til å
vedlikehalde
den. Kvar gard hadde sitt stykke å gruse. Grusholene der det vart henta grus ser man enno
langs vegen. Også kvinnene kunne vere med på dette arbeidet. Kvalheimarane var også med
på å opne vegen om vinteren når den fauk igjen , denne dugnaden helt på heilt fram
til 60-talet.

Myresvingen

Ny tid for Kvalheim
Storutskiftinga
på Kvalheim var i 1890 , då flytta dei ut frå gardstuna inn med Haugen og ute på
Smibakken, og husa på gardane kom der dei ligg no. Bøndene gjekk no over frå frå slede
til vognbruk. Vegstykket ut gjennom Kvalheimsbygda var det eldste i Vågsøy. Etter at
Kvalheim fekk veg til Raudeberg, vaks talet på hestar i bygda raskt til 25. Hest og vogn
vart vanleg , seinare også skyss kjerre . Men delar av Kvalheimsvegen var vanskeleg
framkommeleg i teleløysinga , då kunne kjerre hjula søkje i heilt til akslingen.

Bilen kjem til Kvalheim
Etter at
skoravegen vart ferdig i 1923 vart det brukt bil også ut til Kvalheim, men siste stykke
før man kom opp på høgda var vanskeleg for bilferdsel. Det var Brunsvik ,Loftnes og
Sørland som hadde bil. Kvalheimssvingane som vi ser dei i dag vart bygde i
1932.Sørland starta rute til Kvalheim først med lastebil så med overbygd
kasse og seinare med buss .
Henrik Myhre overtok denne ruta i 1936 med ein liten lastebil,
seinare fekk han ein større lastebil rett før krigen. Han overtok mjølketransporten som
Kvalheimarane sjølve hadde tatt seg av med hest og kjerre. I slutten av 40-åra gjekk
Henrik over til buss.

"Refviksvingen" der rutebussen bles av vegen.

Denne steinen rett ved sia av svingen hindra bussen i å
rulle ned bakkane
mot Refvikvatnet. Den fyrste vegvaktaren
Annanias Myre
var den fyrste vegvaktaren på Kvalheimsvegen, han fekk denne stillinga før krigen. Han
gjorde ein stor innsats på vegen ,han fekk steinsett hjulspora og etter kvart gjort
vegen brukbar til biltrafikk.
Til brøyting vart det fyrst brukt treplog med 2 lastebiler
bak plogen, seinare kom jernplog og sterkare biler.
Men større bussar og lastebiler kravde betre veg etter Reinurda var stigninga
for stor og svingane for knappe på gamlevegen så i 1965 vart ein ny veg
lenger oppe i fjellsida tatt i bruk.

Partier frå gamlevegen

Gamlevegen
som turveg
Etter fleire år med igjen groing og ut vasking av gamle
Kvalheimsvegen sette eldsjelene Ole Mathisen,
Jan Madsen, Gunnar Myhre og Eldor Eriksen i
gong dugnadsarbeid på den 2400 meter lange vegen. Plana
var å få vegen i stand
slik at
han kunne bli brukt til tur og trim veg. Med kronerulling og dugnadsinnsats frå folk i
bygdene Raudeberg, Vedvik, Refvik og Kvalheim var vegenn klar til å bli opna på nytt,
men no som trim og rekreasjonsløype.

Nyåpning av vegen
Den høgtidlege nyåpninga fant sted Søndag 26.April 1998 og ein av Kvalheims
eldste Martin Hagen fekk det ærefulle oppdrag å åpne vegen med fersk melk
ifrå Kvalheim, for
vegen var no oprinneleg bygd for å frakte melk til Måløy.
Etter opninga var det berre å ta
fatt på trimturen for dei ca. 200 personane som var møtt fram.

118 år etter at
dei fyrste hestekjerrene sleit seg opp dei knappe svingane og 33 år etter at den siste
bilen snirkla seg forbi dei store kampesteinane langs gamlevegen ser atter folk seg nytte
i å bruke og ta vare på eit flott gammalt kulturminne som denne vei stubben er .
Den gamle og den nye, side
ved side
Gamlevegen X NyevegenX

XNyevegen
X
Gamlevegen
2006
Gamlevegen har fått ny grus og det har blitt opprusting av grøfter
og elvefar i 2006, etter at store deler av vegen blei rasert av flom.
Det har og blitt fjerna greiner og kratt som har vokst inn i vegen.
|