|
Innformasjon Og Nyhende Frå Kvalheim |
|
|
}
HELLA PÅ KVALHEIM | |
|

Den
gamle landingsplassen
Så lenge det har
budt folk på Kvalheim har nok Hella blitt nytta til å ta på land og
sjøsette mindre båter heilt fram til Jølet vart bygd.
Heile fjøra rundt Hella var full av små sjøbud/naust der bruket vart
oppbevart, på det meste sto det omlag 30 slike hus rundt Hella.
Når karane kom frå havet vart båten tatt opp med bakskuten fyrst fordi
framskuten tok best av for havbåra dette var sjølvsakt ein fordel at
framskuten vart fyrst når båten skulle på havet att.
Før båten kunne dragast på land måtte den tømmast for fisk og redskap, i
godt veir vart dette gjort ved hellekanten , men var sjøen grov måtte
alt hankast inn på vidjer. Det hende og ofte at det ikkje var mulig å få
båtane på land, då måtte dei ro til Torskangerpollen der Kvalheimarane
hadde sjøbuder og så var det å gå over Stalbrekka heim att.

Båt og fiske
Dei største båtane som vart brukte var fyringar (åttring) som hadde 4
årepar. Den vart mest nytta til vinterfiske etter torsk som vart salta
og tørka på berga rundt Hella.Tørrfisken vart frakta til Bergen med
jekter, på Kvalheim var det 3 slike. Ytre og Indre Kvalheim hadde sine
jekter ståande i Storbåtjølet, Myre si jekte var plasert ca 200 m
aust for Hella ved Indrebega. Andre båtar som vart nytta var seksæring
(3 årepar og færing (2 årepar)
Laksefiske var og ein viktig resurs, dette fiske vart gjort med
kilenøter. Det vart sett opp ishus i bygda der isblokker som dei skar ut om vinteren
vart lagra, denne isen vart så nytta til å ise ned laksen som vart sendt
til Bergen og England.

Utvikling
Før 1900 vart Hella brukt som naturen hadde forma henne. I 1904 bygde
hamnevesenet eit 25 m langt båtopptrekk og ein støypt vernemur. I 1914
måtte hamnevesenet til att etter at ein storm øydela båtopptrekket og
tok med seg fleire naust og båtar, muren mot vest vart då støypt høgre
og båtopptrekket vart gjort lengre.
Det vart sagt at Hella var den verste av landingsplassane man kjende til
her i landet,bare på Færøyane kjende man til tilsvarande plassar.
Tross veirhart og stor akrobatikk for å komme i land og på havet kjenner
man til bare ei dødsulykke på Hella, det var i 1861 at ein mann vart
tatt av ein brotsjø.
På slutten av 1940 talet vart Storbåtjølet bygd som landingsplass for
båter og ei ny tid begynte for Kvalheimarane då den vart tatt i bruk
Kilde: Peder M. Kvalheim

Slik ser det ut på Hella ut i dag

Kystkulturlaget

Kystkulturlaget gjorde forsøk med å landsette ein båt på Hella på gamlemåten, dette
gjekk utrolig fint, men så var vel sjøen optimal for formålet.


|
|
|
|
|