Storbåtjølet vart
gjort ferdig som ny landingsplass på Kvalheim på slutten av 1940 talet.
Å kome frå Hella og ut i Jølet måtte vere som å
komme til ei ny tid for bøndene på Kvalheim. Jølet er egentleg ikkje
noko god havn heller, det er stort sett bare i blikkstille at det går
å bruke havna uten fare for at båten skal bli knust av soget.
Bilde fra bygging av veg ned i Jølet
Aktiviteten i fjøra på Kvalheim hadde nok minka etter kvart. Mange av
bygdefolket hadde fått seg arbeid på litt større båter på Raudeberg og i
Måløy, det var meir penger å tene på det enn å ligge med ein seksæring
på Kvalheimsvika. Det var helst dei litt eldre og ungdommane i bygda som
spedde på matbudsjettet med teinefiske og anna småfiske.
Laksefiske var ennå ein viktig inntektskjelde for bygdefolket og då
spesielt bruka på Ytre Kvalheim som hadde dei beste lakseplassane. No
var det og komme veg heilt i jølet slik at fisk og redskap kunne køyrast
med hest og kjerre.
På bilde over er det ca. 20 båter som står oppleina på plassen, noko naust
til båt og redskap var enno ikkje bygd då dette bildet vart tatt.
Til å ta opp og ned båter vart det nytta ein sveive kran som sto på
kanten. Herfrå var det og poppulært for ungdommane å stupe ned i kjeila.
På bilda over ser vi og ei trapp med båtopptrekk i mitten, dette vart
seinare forandra, sikkert på grunn av at sjøen gjekk opp på plana der
trappa var. Det vart og laga plass slik at alle bruka på Kvalheim fekk si eiga
nausttomt . Seinare kom det opp ein elektrisk kran, sjå bilde
under.
Uveir
Sjølv om Jølet er verna av moloar hender det av og til at
storbåra gjer eit innhogg i naust og båtar ja sjølv
steinblokker på fleire tonn må gje tapt når det er som verst. og då kan
det sjå slik ut dagen derpå.
Desse bilda er frå slutten av 80-talet.