www.vivest.no    KONTAKT        GJESTEBOK      LINKER      VÅGSØ    www.vivest.no   
  RUNDT NOVA
      Tips  telefon  91 86 89 54   UT FORBI

 Nyhende   
 Eldre nyhende
 
Fin aargang

 ►Fjelltopper
 Gamlevegen
 Hella
  

 
Kvalheim Grendalag

 Kvalheim Skule og UK
 Kvalheim Songlag
 Kvalheim Byggefelt
 Mehuken vindpark 
  
 Mehuken i bilder        
 
Om Kvalheim
 Panoramabilder  
 
Skjema / info 
 Storbåtjølet

 


     

 

      

    vindu mot vår tid
    
 



 
Fin Aargang  


    Etter ein orkan

  Fleire Fin Aargang bilder
 


     Byggefeltet
    på Kvalheim



 
   
Meir bilde og info



                 



   











 
          













































































 


        Informasjon Og Nyhende Frå Kvalheim               
Noter det med ein gong i kalenderen, laurdag 17. mars spelar Vassverkgutane opp til dans på Kvalheim.
Årskomiteen og Kvalheim Songlag inviterer då til "Gøy på Kvalheim" med servering av hjortegryte med kaffi og kaker/dessert, det blir og underholdning og dans til 7 mans bandet Vassverkgutane.
 

29.12.11  Skade på vindmølle ute på Mehuken

Ei av dei gamle vindmøllene på Mehuken har under orkanen fått skade på den eine vingen. Skal du gå tur i området er det lurt å gå utanom mølla, for det er fare for at deler av vingen kan dette av.
Informasjons skiltet som sto ved inngangen til parken er og blåst bort.
Det vart målt 84,8 m/s på ei av møllene under orkanen på 1. juledag. Mølla registrerer bare den vindstyrken  som varer meir en 10 sekund.

28.12.11  Fleire rotvelte etter orkanen

På ytre Kvalheim har fleire store grantre måtte gi tapt for den sterke vinden.

27.12.11  Eit under at noko står att etter "Dagmars" herjing i Jølet

Det var eit lite hyggeleg syn som møtte Kvalheimarane då dei tok turen ned i Jølet 2. juledag for å sjå om uveret Dagmar hadde gjort noko skade. Heile plassen var full av stein og vrakrestar. Nesten alle nausta hadde fått øydelagt dørene, fleire båtar var flytta på og nokre var øydelagde. Eit naust var totalt rasert, 2 båtar som hadde stått der var flytta inn i eit anna naust på motsatt side og så hadde det naustet og klappa saman over båtane. Såler og betongmurer var og flytta på så det har vert enorme krefter som har vert på gang. Sist Jølet var rasert  var på slutten av 80 talet, men denne gongen her vart det nok gjort meir skade enn for litt over 20 år sida.

24.11.11  Bårene etter "Berit" var ekstreme

 video
Det var ikkje noko vanlege bårer som slo inn over land etter at uveret "Berit" for langs med kysten. Bortset frå litt stein på vegen vart det ikkje gjort noko skade i Jølet.

Dagen etter stormen

Dagen etter stormen

21.11.11   Nytt hus under oppføring på Kvalheim

På Ytre Kvalheim er det no under oppføring eit nytt bustadhus. Huset ligg fint til på ei solrik tomt ved sida av den nye vegen som går opp til husa i "Raudehola". I området her er det i grunnen mange fine plasser å bygge hus på, det er nok den staden som har mest sol på Kvalheim og så ligg dei også i le for den kalde nordavinden som kan vere plagsam lenger inne i bygda.  

20.11.11   Koketorsk og krabbe i fint novemberveir

Dei siste vekene har vi hatt eit uvanleg fint november ver. Med temperatur godt opp på den tosifra skalaen og sol frå skyfri himmel har mange benytta sjansen til ein tur på havet med teiner og pilk. Bra med fisk og krabbe har det blitt landa, sjølv om det i år er langt mellom krabber med mat i.  

19.11.11   Reparasjon og sertifisering av kranen i Jølet

Kranen i Jølet har no hatt sin årlege kontroll (sertifisering) og i år var det ein heil del ting som måtte fiksast på før den blei godkjent. Reperasjonsarbeidet vart utført av arbeidarar ved Johansen Slip & Mek på Raudeberg og sertifisering av kranen er det Måløy Sertifisering i Deknepollen som står for.

21.08.11   Mange besøkte Kvalheimsbygda på aktivitetsdagen

Sjølv om Veirgudane ikkje heilt var med Kvalheimarane i år heller, var det utruleg mange som hadde tatt turen til Kvalheim i år også. I år var det utvida med nokre nye aktivitetar blant anna kajakk og kano padling og rebusløp. Dei fleste av aktivitetane henvender seg til små og mellomstore barn og det viser seg igjen på dei familiane som besøker bygda denne dagen. I år var det dessutan servering av god rømegraut i grendahuset og visning av helikopterfilm frå Kvalheim og bygdene rundt.
Trur at Kvalheimarane med eit slikt arangemang har funne ein fin måte å profilere
bygda si på.

03.07.11   Store nedbørsmengder tok veggrusen

Dei siste dagane i juni 2011 vil bli huska som svert våte. Det regna stort sett i 2 døgn samanhengande, og dette førte til at fleire gardsvegar vart øydelagde. No har vi passert midtsommars og det er lite som minner om sommar og sol fortida og dette fører til at bøndene slit med å få hausta graset på dei våte markane.


 
                                                              TAKKER FOR TIPS

                           
                                       




 

                               
 

  
Været på Kvalheim
 
Spesialvarsel Stad

Radar over nedbør

Kvalheim Kraft  

Skipstrafikken

Hurtigruta

Vågsøy kommune

Telefonkatalogen  
       


Kvalheim Grendalag


Vil du leige Grendahuset 
Kontakt Elin
  tlf. 57 85 41 25
   mobil. 91 32 25 39


Hjertestarter er plassert i
Grendahuset

 


Kvalheim Skule
Og
    Ungdomskorps
 



 


Kvalheim Songlag



Koret har starta opp med øving på mandager kl 19.30 i
Kvalheim Grendahus.
Kvalheim Songlag treng "sårt" fleire sangglade medlemmer, så kom og bli med!!!


knips


 



 




 




 



       

           



 





 





 





 







 Har du tips,    
 mail, send sms, eller kontakt
meg på annen måte
om arangemang, nyhende osv.

          

mvh
Ragnar Myre

www.vivest.no
rmyre@vivest.no
tlf: 91 86 89 54

sjå ka som skjer
 


 
webmaster     
        Ragnar Myre            
       Telef. 91 86 89 54          
    Mail :
rmyre@vivest.no