Gamle dagar
SUNNIVA    &                     
            SELJE KLOSTER
   Legenda seier at Sunniva var ei kristen Irsk kongedatter som levde på 960-talet som for å ungå ein hedensk beiler som hadde gjeve henne valet mellom ekteskap eller å få riket hærteke røymde frå Irland med eit stort fylgje på tre skip som dreiv uten åra og segl mot Norges kyst.   Eit av skipa dreiv i land på Kinn i Sunfjord der det seinare vart bygd ei mellomalderkyrkje under ei hole oppe i fjellsida . Dei to andre skipa stranda på øya Selje like ved Stat og dei søkte tilflukt i ei hole der som seinare vart kalla Sunniva hellaren . Dei hedenske Nordmennene under Håkon Jarl ville jage vekk dei framande og gjekk til angrep på Sunniva og hennar fylgje, men etter Sunnivas bøn til Gud om hjelp om å sleppe og falle i hendene på hedningane blei hola som dei hadde søkt tilflukt i lukka av nedstyrtande klippeblokker.
                            
   Snart begynte det å skje underlige tegn på øya. Då ein hemmileghetsfull lyssøyle seinare viste seg over Selje lot Olav Tryggvason i 996 martyranes bein bli samla , Sunnivas legeme vart da angiveleg funne heilt uforandra og blei skrinlagt. Ho blei vår fyrste innenlandske helgen. Snart vart denne heilagdomen på Selja eit mykje vitja pilgrimsmål og der var og ei vasskjelde på øya som vart sagt hadde helbredande virkning. wpe5E.jpg (2963 bytes)
Sunnivas lik blei i år 1170 overført fra Selje til Kristkirken i Bergen. Ho er Bergens skytshellgen men blei også dyrka som lokal helgen andre stader på Vestlandet.
Olav Trygvason skal ha bygd ei tre kyrke ved hola der likene av Sunniva og «Seljemennene» blei funne. Etter 1100-talet anla benediktinermunker eit kloster på Selje som blei innvia til den engelske helgenen Albanus, som legenden gjorde til bror og ledsager av Sunniva. Dette anlegget faller som ruinene viser , i to deler : høgt oppe under det utoverhengande fjellet «Sunnivahola» og «Salen» (mulig ein Mikaelskyrke) samt Selje kyrka med terasser, og nede på sletta nær havet sjølve klosteret, dominert av den treskipa klosterkyrkas massive romanske tårn, 14 m høgt.

Klosteret som sansyneleg ikkje var fult utbygd før på 1300-talet er blitt restaurert endel . Selje kloster var det første vest norske bispesete og vart oppretta under Olav Kyrre i 1070.

 

Sunnivas festdag var 8. Juli og vart kalla Seljumannamesse, kvart år på den nærmaste søndagen før, blir det halde friluftsgudsteneste (seljumannamesse) i kloster ruinane på Selje øyna.
                        wpe62.jpg (5577 bytes)
========================================================
                         
                
  Knapp Primstavkalender Sunniva og SeljeklosteretKnapp Då spriten fløymde

  

 

webmaster     
        Ragnar Myre            
       Telef. 91 86 89 54          
    Mail :
rmyre@vivest.no